mandag 8. september 2008

Fjelltur



Denne helga fekk eg reise på fjellet samen med 2 fantastiske damer! Eg blei nesten akutt fjellsjuk her for 14 dagar sidan, og prøvde desperat å få med meg noken fleire fjellsjuke damer. Desverre var dei fleste ganske friske, og dei so kanskje kunne ha antydning til sjuke, hadde ikkje anledning. Det såg faktisk litt mørkt ut, men so kom ei fjellsjuk veninde på banen! Tilfeldigvis hadde ho hytte på fjellet og der kunne oss få kvile ut etter ein laang fjelltur :o) Ho sjekka opp diagnosen hos sine veninder - og der var det faktisk ei so var like sjuk som oss, heldigvis! So oss hadde ei fantastisk helg på høgfjellet, og eg trur at eg kan seie på vegne av oss alle: Oss fekk helsebot: Fjelltur, god mat (quiche, brie, innheradsost, valnøttbrød, feta..) og gode samtaler. Til og med kompasset var med, men blei desverre ikkje brukt, merkinga var faktisk for god. Men, dokke andre damer, føl dokke ikkje for sikre.. Eg vil nok få sjuka igjen og prøve å smitte noken fleire, anbefalast!!

Ingen kommentarer:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails