søndag 17. august 2008

Kreta


Under denne låg oss og koste oss i sola ei heile veke.. ikkje akkurat ubehageligt. Hotellet låg rett bak denne stranda og d va so herligt å ha alt so nærme! Ongane va litt på bassenget og litt på stranda, so kunne dei gå på rommet når dei ville. Tavernane låg også på stranda, so middagane og lunsjane blei inntatt med bølgeskvulp som bakgrunnsmusikk. For oss va dette heilt perfekt!
De greske kirkene og alle dei små kapella over alt - e berre so nydelige!

Gresk salat med masse feta ost, Tzatsiki og brød + + Maten va berre so god! Tenk å kunne ete so mykje fetaost eg berre kunne orke - og eg blei ikkje lei av det heller.. Oss kunne ikkje finne MacDonalds eller Burger King eller PizzaHut her nede - so d blei gyros og kyllingpita istedenfor, oss ville ikkje ha bytte d ut!

Denne nydelige blomsten, Pelargonia? Den holdt oss med selskap når frokosten vart inntatt på hotellet. Frokosten va kjempegod - stekte tomater, feta og croissant + + +

Dette sitrontreet måtte eg berre ta bilde av - og huset på sia, kjempeidyllisk og so gresk. Landsbyen hadde klart å beholde den greske stemninga, eg blei fortald av ei koseleg gammel dame at det var ordføreren som ikkje ønska utbygging der - heldigvis!! So derfor va d mange greske so ferierte der, ikkje akkurat nokken HOT plass, stille og rolig med akkurat d oss trengte rundt oss.

Desse nydelige steinane fann eg i sanden - plukka og leita og putta dei i veska. Tenkte på at dei kunne sammenlignast med mennesker som oss - som blir slipt og forma gjennom alle dei "bølgene" som kommer innover livene våre i form av opplevelser eller andre mennesker som gjer nokke med oss. Mi bønn e: Gjer meg villige t å bli forma slik du vil Jesus!

Som sagt ikkje mykje amerikansk å oppdrive - men Starbucks fann oss i Chania. Sjelden har Starbucks coffe smakt so godt! Den greske kaffeen va ikkje akkurat super - nescafe va ok. Eg kjøpte kopp, men glømte å kjøpe med kaffe so oss kunne lage starbucks heime.. (nokken blei kjempeskuffa). Oss va glad når oss kunne reise fra byen - trur oss alle fem har gjort oss ferdige med shoppingferier (kem hadde trudd d?).

1 kommentar:

Cathis sa...

Det verkar som om ni har haft det kempe gott i Grekland. Vi vill også dra på ferie snart, men vi får vänta.
Klem fra Cathi og töserna

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails